Pressemelding -
Ny barnebok om å finne flokken sin signert Kari Stai
Ny barnebok frå Kari Stai
Den prislønte forfattaren og illustratøren Kari Stai er aktuell med barneboka Flokken, med ti nye historier om den følsame og filosoferande guten Juri. I Flokken møter vi ti år gamle Juri som på same tid er både i og utanfor flokken. Og kva er ein flokk? Er ein flokk alltid den same? Og er han den same i alle flokkar? Juri er i det minste sikker på at han er med i flokken «dei som synest puppar er fint».
Gjennom ti historier opplever vi korleis Juri opplever å vere ein del av – og ikkje – i eit fellesskap, og ikkje minst korleis han kan finne ein plass til å vere seg sjølv fullt og heilt. Boka er illustrert av forfattaren.
Førre gong vi møtte Juri var i Stai sin debut som romanforfattar med boka Passe happy i 2021. For denne boka fekk Stai svært god kritikk og ho fekk KUD illustrasjonspris. Boka er gitt ut i Danmark og Italia.
Kari Stai (f.1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar.
Lansering på Inderøy bibliotek laurdag 22.februar klokka 14:00
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.