Gå videre til innhold
Ny barnebok om Haaland frå suksessforfattar Zazzera Johansen

Pressemelding -

Ny barnebok om Haaland frå suksessforfattar Zazzera Johansen

Ny barnebok frå suksessforfattar Zazzera Johansen

Erling Braut Haaland er utan tvil verdas mest kjende nordmann. Men ein gong var han ein heilt vanleg liten gut heime på Bryne, som elska spele ball. Så korleis blei han verdas største fotballspelar? Forfattar Ørjan Zazzera Johansen kjem òg frå Bryne og har blitt ein ekspert på det unike fotballmiljøet der. I Erling Braut Haaland. Frå liten til størst skriv Zazzera om korleis Haaland trena då han var ein liten gut, om treningsrutinane, kva han likte å gjere utanom å spele fotball og om korleis det var å vere lagkamerat med unge Haaland. I tillegg til å vere ei morosam og engasjerande historie om den ekte Haaland, er det ei universell forteljing om vennskap, fellesskap og fotball.

Historia er fortald gjennom auga til ein oppdikta medspelar, men basert på verkelege medspelarar av Haaland. Zazzera har tidlegare skrive bøker om fotballmiljøet på Bryne, og gjorde stor suksess med Historia om Erling Braut Haaland på Samlaget i 2022. Boka blei nominert til ARK barnebokpris og var superfinalist til Bokslukarprisen. Zazzera er kanskje den i landet som kjenner Bryne og Haaland best

Erling Braut Haaland. Frå liten til størst er illustrert av den prisvinnande illustratøren Kristoffer Kjølberg. Kjølberg bidrar med ein humoristisk og karikert stil som kler den lette og underhaldande teksten.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO