Gå videre til innhold
Ny barneroman om tidsreise til andre verdskrig

Pressemelding -

Ny barneroman om tidsreise til andre verdskrig

Ingunn Røyset har skrive ein gripande barneroman der ei jente frå vår tid blir sendt på ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945.

Røyset formidlar gjennom romanen historier ho sjølv fekk fortalt frå krigen av bestemor si, slik at den nye generasjonen får eit innblikk i kva krig inneber.

I boka Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen møter vi Dagny som gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar.

Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og ho Rikka.

Boka passar for barn mellom 9 og 13.

Ingunn Røyset (f. 1965) jobbar som journalist. Ho er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO