Gå videre til innhold
Ny bok; "100 handlaga gåver", av Ingvild Grane, viser korleis du kan spare penger og miljøet

Pressemelding -

Ny bok; "100 handlaga gåver", av Ingvild Grane, viser korleis du kan spare penger og miljøet

I boka 100 handlaga gåver viser Ingvild Grane korleis du kan spare pengar og miljø med å lage gåvene dine sjølv. 

Året er fullt av dagar der du gir og får gåver. Di fleire gåver me kjøper, di meir belastar me både naturen og lommeboka. Med denne boka vil Ingvild Grane inspirere oss til å tenke nytt om kva ei gåve kan vere. Her finn du tips til 100 gåver ein enkelt kan lage sjølv gjennom heile året ved å bruke ting du finn i naturen, eller saker frå roteskuffa heime, utan at det kostar verken deg eller miljøet noko.

Lær å lage blomster av papir, sy fine og funksjonelle gåver av restestoff, lage nydeleg syltetøy og saft, gi bort ein grøftekantbukett eller strikke ei restegarnpute. Strikk, sy, sank, mål eller tenk heilt annleis. I boka finn ein også mange gode tips til alternative gåver, som opplevingar og tenester me kan gjere for andre. Kvifor ikkje invitere til pannekakefrukost eller ein utandørs sommarmiddag?

Boka inneheld gåver til barn og vaksne, og ein del av oppskriftene eignar seg til å lage saman med barn.

Ingvild Grane (f. 1982) elskar både å gi og å få gåver og har gjennom mange år samla massevis av idéar til gåvene det er litt ekstra stas å få. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist. Tidlegare har Grane gitt ut boka Strikk med Ingvild frå @skaperrom.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO