Pressemelding -
Ny bok frå Agnes Ravatn: "Alle mot alle. Essay, artiklar og gjeldsbrev"
I Alle mot alle finn du eit rikt utval av Agnes Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar. Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.
Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn.
Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske.
«Det finnes allerede et før og etter Agnes Ravatn i norsk essayistikk», uttalte Morgenbladets jury då dei kåra ho til ein av Noregs beste forfattarar under 35 år.
Ravatn har m.a. fått Språkprisen, P2 Lytternes Romanpris, Ungdommens kritikarpris og Arne Hestenes´ journalistpris.
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og seinast Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.