Gå videre til innhold
Ny bok frå Elena Ferrante

Pressemelding -

Ny bok frå Elena Ferrante

"Like altoppslukande som romanane..." The Guardian

Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Frantumaglia, Tankar, brev og intervju er rike og kloke essayistiske tekstar og det næraste vi kjem verdsforfattaren.

Boka tek oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein altomfattande lidenskap for litteratur. I brev, intervju og essay snakkar ho om korleis bøkene blir til, og kvifor det er heilt nødvendig at ei bok får leve sitt eige liv – frigjort frå forfattaren. Ho drøftar tema ho er oppteken av, blant anna morskap, feminisme, psykoanalyse, film og litteratur. Ho skriv om barndommens mektige lager av fantasi og førestillingar, og om minnefragment – og frantumaglia – som blir til forteljingar.

Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal

«Forteljingane livnærer seg av dette frantumaglia som ulmar under eit tilsynelatande einskapleg ytre, og som er ein slags kaostilstand ein kan starte frå, eit tåkelagt område som krev å bli lyst opp. Derifrå kjem historier og karakterar.»

– Elena Ferrante, Frantumaglia

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO