Gå videre til innhold
Ny bok frå suksessforfattar Elena Ferrante på norsk 9.3.

Pressemelding -

Ny bok frå suksessforfattar Elena Ferrante på norsk 9.3.

I den tredje boka i Napoli-kvartetten, ”Dei som flyktar og dei som blir”, har dei to jentene frå ” Mi briljante venninne” og ”Historia om det nye namnet” blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.

"Dei som flyktar og dei som blir" er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Dei fire bøkene i Napoli-kvartetten har blitt bestseljarar verda over, og skildrar vennskapen mellom to kvinner gjennom 50 år. Bøkene er også forteljinga om framveksten av det moderne Italia. I Noreg gjer serien det også sterkt, både på bestseljarlista og blant kritikarane.

Serien er omsett til norsk av Kristin Sørsdal.

Bok IV i Napoli-kvartetten, "Historia om det tapte barnet", kjem hausten 2016.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO