Gå videre til innhold
Ny bok i serien om Drakeguten; "Kampen om Kervad"

Pressemelding -

Ny bok i serien om Drakeguten; "Kampen om Kervad"

Asbjørn Rydland er tilbake med ei ny bok i serien Drakeguten. I bok fire, Kampen om Kervad, held den spennande forteljinga om Koll, Kervad og kampen om rikdom fram. 

Det har gått to år sidan tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit.

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han fekk Nynorsk barnebokpris for serien om Drakeguten i 2012.

Kampen om Kervad 
er ei fantasybok for ungdom, og er basert på eit univers frå ein laiv (fornorsking av ordet "live" i det britiske uttrykket live role-playing (LRP)). Forfattar fortel her korleis verda til Drakeguten vart til: 

"Sommaren 1995 var første gong eg besøkte verda til Koll. To gode venner av meg arrangerte eit levande rollespel –ein laiv – ei helg, og alle som var med blei hekta (…) Dei femten åra som har gått sidan då har det vore mange slike helger, og eit par gonger har eg tilbrakt bortimot ei veke i strekk i denne andre verkelegheita. (…) Levande rollespel er litt som teater utan tilskodarar. Ein lagar seg ei rolle, kler og ter seg som denne andre personen i nokre timar eller dagar, og saman med dei andre spelarane skaper ein ei historie. Det er ein hobby som krev og stimulerer fantasi og innlevingsevne, og gjennom han har eg opplevd verda til Koll frå mange ulike vinklar. (…) Eg har ikkje tal på kor mange kreative sjeler det er snakk om (…) Men i tillegg til at dei alle har vore innom den same laivverda, har dei ein ting felles: Utan dei ville denne boka aldri blitt til."
- Utdrag frå etterordet til Drakeguten. 


Dei andre bøkene i serien:
- Drakeguten
- Med eld i hjartet. Drakeguten II
- Mørkemanaren. Drakeguten III

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO