Gå videre til innhold
Ny bok: Norge skildra av tyske soldatkunstnarar 1940-45

Pressemelding -

Ny bok: Norge skildra av tyske soldatkunstnarar 1940-45

I den nye boka "Norwegen, schönes Land! Tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945" presenterer forfattar og samlar Einar Økland unik propaganda frå den tyske okkupasjonen av Norge.

Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift.

Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var.

Målgruppa var eit tysk publikum – ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.

Einar Økland (f. 1940) er forfattar, dramatikar, lyrikar, kritikar, essyaist og psykolog. Økland har sidan 1963 gitt ut over seksti bøker for vaksne og barn innanfor mangfaldige sjangrar. Han har fått fleire prisar, m.a. Brages ærespris og Språkprisen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO