Gå videre til innhold
Ny bok om Grotten  - historia om eit hus og fem kunstnarar

Pressemelding -

Ny bok om Grotten - historia om eit hus og fem kunstnarar

Den nye boka Grotten - historia om eit hus og fem kunstnarar av Ingvild Bræin handlar om eit uvanlag hus og nokre uvanlege skikkelsar i norsk historie: Korleis var kvardagslivet deira, og kva blei skapt i huset på knausen? 

I utkanten av Slottsparken ligg Grotten. Huset har sidan 1922 vore æresbustad for fortente kunstnarar, men vart bygd lenge før det. Henrik Wergeland la i si tid elsk på plassen, og 17. mai 1841 stod huset ferdig og Wergeland flytta inn med kone, hest, hund, kaninar, ormar og fuglar. Etter Wergeland har nokre av dei fremste norske diktarane og komponistane fått bu i Grotten: Christian Sinding, Arnulf Øverland og Arne Norheim. I 2011 flytta forfattaren Jon Fosse inn i det rosa huset og vart kongens nabo. Grotten er ei forteljing om huset og kva som har skjedd der. 

Det finst dei som har takka nei: Tarjei Vesaas kunne ikkje tenkje seg å forlate Vinje til fordel for å sitje på utstilling i Slottsparken. Mange blei urolege då erkevestlendingen Jon Fosse skulle bli kongens nabo. Ville han bli ein annan no, langt borte frå vestlandske fjordarmar og duskregn?

Ingvild Bræin er kulturjournalist og litteratur- og teaterkritikar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Pressekontakt

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Relatert materiale

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO