Gå videre til innhold
Ny bok om høgreekstremismen i Tyskland

Pressemelding -

Ny bok om høgreekstremismen i Tyskland

Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med boka Det mørke Tyskland: ei reise blant høgreekstremistar. Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I boka tek Dypvik oss med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Vi møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er det største partiet, på konservative møte i dei fasjonable delane av Vest-Berlin og på politiske vekkingsmøte der den omstridde politikaren Björn Höcke møter sin tilhengarskare. Dypvik har møtt mange av dei sentrale skikkelsane i det høgreekstreme miljøet. 

I 2020 slo det tyske tryggingspolitiet fast at høgreekstremisme er det største trugsmålet mot tryggleiken i landet. Europas mest folkerike stat opplever djup politisk polarisering i kjølvatnet av den store flyktningkrisa i 2015, då Tyskland tok imot ein million syriske flyktningar. 2015 var også startåret for partiet AfDs framgang. AfD er høgrepopulistisk, islamfiendtleg og delvis høgreekstremt. For første gong sidan krigen har eit ytre-høgre parti plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 vart den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke brutalt drepen av høgreekstreme.

Det mørke Tyskland
er ei forteljing om politisk polarisering, internettradikalisering, om skrikande sosiale forskjellar, men også om politisk mot.

Astrid Sverresdotter Dypvik
(f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO