Gå videre til innhold
Ny bok om livets botnpunkt; "(44)" av Erlend Kaasa

Pressemelding -

Ny bok om livets botnpunkt; "(44)" av Erlend Kaasa

Forfattar Erlend Kaasa er aktuell med novellesamlinga (44) om det for så mange er eit botnår i livet.

Ei søvnlaus kvinne gruar seg til ein romantisk weekend i Gdańsk. Ein familiekjær forfattar blir skulda for å ha skrive eit misogynt manus. Ein trampoline opnar porten inn til dei store gåtene i livet. Kongen av Strava må ta affære då han blir utsett for eit overrumplande kupp. Det blodige sporet til eit skamskote dyr fører ein jeger ut av kurs. Ein dokkeheim tek så smått form i ein kjellarhybel på Vigrestad. Fagre Frøydis byrjar å innsjå at ho ikkje er like fager lenger. Og ein mann går inn på det gamle guterommet sitt og oppdagar at heile livet hans er hengt opp på veggen.

Gjennom dei åtte novellene i (44) møter vi personar som kvar på sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Av uutgrundelege val og tilfeldige møte. Forspilte sjansar. Usannsynlege triumfar og lukketreff. Kjærleik. Svik. Askese. Eksess. Mot. Hovmot.(44) gjev lesaren innblikk i eit knippe livsløp som har glidd inn i faste former, men som enno ikkje har stivna heilt.

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna. Han debuterte med Thunder Road i 2009 og har sidan gitt ut romanane Livius (2015) og Men ikkje Maria (2019). (44) er den første novellesamlinga hans. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.