Gå videre til innhold
Ny bok som gjer deg til ein bevisst forbrukar: "Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks" av Siri Helle

Pressemelding -

Ny bok som gjer deg til ein bevisst forbrukar: "Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks" av Siri Helle

På matbutikken tek me mange val. Berre ei heilt ordinær syltetøyhylle kan skapa hovudbry. Kva skal eg velje? Mat er næring, sosialisering, økonomi og arbeidsplassar, men mat òg ei rekke val: Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? I boka Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks gir agronomen og matentusiasten Siri Helle lesaren møte med gjengangarar frå norske matbord og matbutikkar. Ho trekkjer fram vanlege produkt og diskuterer berekraft, dyrevelferd, marknadsføring og tilsetjingsstoff.

Boka hjelper lesaren til å bli ein bevisst forbrukar. Siri Helle er ei hjelp på handleturen. Etter å ha lese boka er det lettare å svare på spørsmålet: Kva er bra mat både for verda og meg?

Siri Helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har arbeidd som avløysar og gardsarbeidar, og har fast matspalte i avisa Dag og Tid.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO