Gå videre til innhold

Pressemelding -

Ny diktsamling av Thor Magnus Tangerås; språklig leik og naturrefleksjon

Den tredje diktsamlinga frå Thor Magnus Tangerås er stilsikker og leiken, og er eit forsøk på å gi språk til noko som ikkje har språk, denne gongen elva.


Ei vandring langs ei lita elv, ei utforsking av livet ho ber med seg, og livet som omgir henne, på leiting etter håp i ei vanskeleg tid.

I dette langdiktet vert lesaren invitert med på

å følgja

åa frå a til å –
frå ås til os, om skog-
holt og langsmed eng


for å lytta til elvas song:


gullvokal og sølvsjølv-
lyd i elvestemme
å-mål og fosserøyst


Å er ein lyrisk hydrografi, eit vitnesbyrd frå vatnet om natur i endring.


Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Han har seinare gitt ut samlinga Landskap med vindturbinar, og i 2025 fekk han Bokhandelens forfattarstipend. Å er den tredje diktsamlinga hans.




Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel (16).jpeg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 192 KB
    Last ned
  • Tangerås, Thor Magnus (c) Tove K. Breistein 2021_BRUK DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6720 x 4480, 15.7 MB
    Last ned
  • 9788234015878 Å cmyk.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1795 x 2717, 558 KB
    Last ned