Gå videre til innhold
Ny diktsamling frå Jon Fosse

Pressemelding -

Ny diktsamling frå Jon Fosse

Jon Fosse er ute med diktsamlinga Stein til Stein. 39 dikt og 1 salme.Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.

Frå meldingar av boka:

 "Jon Fosses nye diktsamling handler om et jeg som lengter etter kjærlighet, eller som drømmer om en rikere tilværelse. I de beste diktene setter han ord på vesentlige erfaringer ved det å være menneske. Mer kan man ikke forlange av en dikter."

Frode Heimlich Pedersen, Bergens Tidende

"Jon Fosse viser med Stein til stein at han kan vere ein himmelvendt og samtidig jordnær lyrikar. Han skriv om fjell, om sjø, om jord, stein og vind i samspel med vilje, rørsle,- himmel og lys. (...) Dikta er vakre som musikk: Dei finn rotfeste i moll og strekker greiner oppover som spirande lauvtre i dur. Og utan at eg alltid ser ting klart for meg, har eg ei klar kjensle av kvar diktaren vil. For å gjere det heilt klart i denne meldinga: Stein til stein inneheld mykje stor lyrikk, slik dikta talar med djupet i oss sjølve."

Alf Kjetil Walgermo, Vårt land

"Var han eventyrforteller, kunne han sagt at mennesket ble forstenet eller fortrollet. Det står ofte om dette; å hegne om lys og skjønnhet for å bevare stillhet og sinnsro."

Atle Christiansen, Aftenposten

 

Jon Fosse (f.1959)  blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO