Gå videre til innhold
Ny fotballbok frå Nils Henrik Smith; "Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball"

Pressemelding -

Ny fotballbok frå Nils Henrik Smith; "Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball"

Entusiasme og raseri er ei samling av Nils Henrik Smiths beste tekstar om fotball. Her får du glitrande essay og artiklar om alt frå Erik «Myggen» Mykland, PostNord-oppgjeret mellom Fredrikstad og Moss i 2018 til hylling av det levande oppslagsverket Arne Scheie. Boka inneheld òg eit nyskrive essay om EM 2020, som på grunn av korona blir arrangert juni 2021.

Gjennom ei årrekke har forfattaren Nils Henrik Smith vist at artiklar om fotball også kan vere stor litteratur. For Smith kan eit gjørmebad i tysk fjerdedivisjon vere meir givande for sjela som ei festframsyning med Barcelona

Nils Henrik Smith blir kalla Noregs beste forballskribent. Han kombinerer fotballfagleg analyse med historisk medvit, humor og ein unik stil.

Om 11 meter. Straffesparkets historie (Kagge 2020)

"Det beste som har skjedd norsk fotballitteratur sidan VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. .. ei strålande forballbok"

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

"en vitenskaplig, humoristisk, litterær og informativ bok om straffesparkets historie"

Atle Nielsen, Bok 365

"Fulltreffer om straffesparkets historie"

Atle Christiansen, Aftenposten

Nils Henrik Smith (f. 1980) er skribent og romanforfattar. Han har vunne Tarjei Vesaas'
debutantpris og blei utnemnd som ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet i 2015.
Han har skrive om fotball for Josimar og NRK.

Emner

Regions

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO