Gå videre til innhold
Ny krim frå Lars Mæhle: "Linnés dystre lærdom"

Pressemelding -

Ny krim frå Lars Mæhle: "Linnés dystre lærdom"

Lars Mæhle er tilbake med ein ny kriminalroman om Ina Grieg. Ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Da ho vaks opp forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt.

Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live?

Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om den eine, avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland.

(f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.

Les meir på forfattarens eiga heimeside.

Lanseringsdato: 02. 09.2014

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO