Gå videre til innhold
Ny krim frå Rune Timberlid; "Satans mor"

Pressemelding -

Ny krim frå Rune Timberlid; "Satans mor"

Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga.

Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalist Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar òg opp eit lik under Nigardsbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører grufulle overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 – då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn.

Politimannen og journalisten nøstar frå kvar si side. Det viser seg at dei gamle og nye historiene er samanvovne – og det skal få fatale konsekvensar.Med dei indre delane av Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid lagt eit imponerande puslespel av ei historie.

Rune Timberlid  (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline og Operasjon Siskin.

Timberlid er fødd i Sogndal og utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole. Han har mellom anna arbeidd i Aftenposten, Dagbladet, NTB og Sogn Avis og Firda, der han var redaktør i 1990–1995.

Timberlid er busett i Førde og er seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO