Gå videre til innhold
Ny novellesamling om menn i krise; "Avsporingar" av Gaute M. Sortland

Pressemelding -

Ny novellesamling om menn i krise; "Avsporingar" av Gaute M. Sortland

Kva om det verste skjer? Det får hovudpersonane i Gaute M. Sortlands nye novellesamlinga kjenne på.
Ein forfattar er endeleg i flyt, han har aldri vore betre og no må han skunde seg å få ut boka si før den store katastrofen inntreffer og gjer prosjektet hans irrelevant. Ein familiefar har fått ein beskjed som snur om på heile livet hans og på livet til ungane, skal dei for alltid bli den familien alle synest synd på? Ein eldre mann har skapt seg det livet han vil ha og kommuniserer minimalt med omverda, så bankar det på døra og livet blir aldri det same.

Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar også eit større, underliggande alvor.

Gaute M. Sortland
(f. 1980) er musikar og forfattar. Han debuterte med romanen Johan i 2009 til strålande kritikkar og har sidan skrive både ungdomsbøker og kortprosa.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO