Gå videre til innhold
Illustrasjon: Anna Fiske
Illustrasjon: Anna Fiske

Pressemelding -

Ny og unik barnebibel for vår tid signert Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske

I haust lanserer Samlaget ein heilt unik barnebibel, signert to av landets fremste formidlarar. Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane spennande!

I Barnebibelen har forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo slått seg saman med illustratør Anna Fiske, og saman har dei laga ein moderne, sprek og spennande barnebibel for heile familien. Alf Kjetil Walgermo gjenfortel historiene i eit moderne og tilgjengeleg språk, og han har valt ut nokre av dei historiene han sjølv likar aller best. I tillegg til kjente og eventyrlege forteljingar som Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken har Walgermo valt ut fleire historier om jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar.

Barnebibelen er gjennomillustrert av den prislønte illustratøren og serieskaparen Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert.

Dette er historier vi bør kjenne til, uavhengig av tru, eller ikkje-tru, og resultatet er ein barnebibel for vår tid. Walgermo og Fiske har ønskt å formidle bodskapet om neste-kjærleik og mangfald, og gjer det både gjennom tekst og bilete.

Alf Kjetil Walgermo (f.1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen, og i 2020 kom Bibelens kvinner.

Anna Fiske (f.1964) er ein prisvinnande illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har skrive og illustrert fleire bøker for barn, unge og vaksne.

Boka blir lansert 2.september.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO