Gå videre til innhold
Ny roman frå Hilde K. Kvalvaag, "Lev vel alle" - dramatisk mor og son-historie frå villmarka i  Canada

Pressemelding -

Ny roman frå Hilde K. Kvalvaag, "Lev vel alle" - dramatisk mor og son-historie frå villmarka i Canada

Hilde K. Kvalvaag vann Brageprisen for si førre roman, ungdomsboka Fengsla. No er ho klar med si andre roman for vaksne, Lev vel, alle. Der møter vi aleinemora Gunhild som tek med den voldsdømte tenåringssonen Knut på roadtur til Canada for å reparere seg sjølv og forholdet mellom dei.

Meir om boka: Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren som forlét familen og seks born i Noreg for aldri å kome tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt. Ho har sjølv sine grunnar for å ønskje seg vekk.

Reisa fører dei ut i den canadiske villmarka, der ingenting blir som dei hadde trudd.

Lev vel, alle er eit engasjerande drama om eit komplisert forhold mellom mor og son. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste 30 åra av livet sitt åleine i Canada. Lev vel, alle er ein roman om å lausrive seg og å finne seg sjølv og sin plass i verda.

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO