Gå videre til innhold
portrett Anna Gavalda
portrett Anna Gavalda

Pressemelding -

Ny roman frå lesarfavoritt Anna Gavalda

Lesarfavoritt Anna Gavalda som har begeistra lesarar gjennom fleire år, er klar med ny roman på norsk, "Livet, til det betre", omsett av Tove Bakke. 

Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge.

Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile, enn å leve middelmådige liv.

Franske Anna Gavada står bak fleire internasjonale bestseljarar, mellom anna Saman er ein mindre aleine som selde over 100 000 i Noreg.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO