Gå videre til innhold
Ny roman frå Maria Parr i august

Pressemelding -

Ny roman frå Maria Parr i august

Etter ein eventyrleg suksess med bøkene Vaffelhjarte, Keeperen og havet, og Tonje Glimmerdal, er norsk barnelitteraturs superstjerne Maria Parr tilbake med eit heilt nytt univers som krinsar rundt søskenparet Oskar og Ida. Storesyster Ida på ni år er forteljaren i denne fartsfylte og varme høgtlesingshistoria om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er. Parr held fram med det gode samarbeidet med illustratør Åshild Irgens, som òg har illustrert Tonje Gimmerdal (2009) og Storebror (2019).

Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005. Ho har hatt stor internasjonal suksess med romanen som blir rekna for ein moderne barnebokklassikarar, og boka er gitt ut i 36 land. For Tonje Glimmerdal (2009) fekk ho m.a. Brageprisen, Kritikarprisen, Kulturdepartementets litteraturpris, Teskjekjerringprisen, samt Die Zeits pris for årets beste barnebok i Tyskland. I 2017 kom Keeperen og havet som ho fekk Brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris for. Året etter fekk ho Sultprisen, og er framleis den einaste barnebokforfattaren som har fått denne gjeve utmerkinga.

Lansering 15.august.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO