Gå videre til innhold
Ny roman i Bomullskvartetten frå "nordisk Elena Ferrante"; Susanna Alakoski

Pressemelding -

Ny roman i Bomullskvartetten frå "nordisk Elena Ferrante"; Susanna Alakoski

Barnebarnet av Susanna Alakoski er den tredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten som har blitt samanlikna med Elena Ferrantes Napolikvartetten.

Alakoski skriv om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven. Alakoski har eit brennande engasjement for kvinner i arbeidarklassa, som jobbar hardt og har ein ukueleg kunnskapshunger. Dette engasjementet er tydeleg til stades i Bomullskvartetten.

Om Barnebarnet: Da Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta flytta til Sverige, hamna i Skellefteå og opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.

I overgangen frå sytti- til åttiåra går Kathrine på gymnaset og veit i alle fall ein ting: Ho skal ikkje arbeide i tekstilen. Ikkje berre fordi det er ei ny tid, og Algots Nord styrer mot konkurs til liks med store delar av tekstilindustrien elles. Ho er sikker på at det finst ei større verd enn mors og mormors der ute. Ho lengtar bort, ikkje berre frå det innestengde livet i småbyen, men også frå morsarven, Finland og klesindustrien. Ho gir seg ut på ei planlaus reise som tar henne til storbyen Göteborg og vidare ut i Europa og verda.

Frå svensk ved Runa Kvalsund.


Sagt om Bomullskvartetten:

«Sveiper som en stø lyskaster over anonyme og glemte kvinneliv i vår nære forhistorie»- Andreas Wiese, Dagbladet

«Et sterkt og viktig bidrag til vår felles historie»- Anne Cathrine Straume, NRK

«Ei slags nordisk Elena Ferrante»- Margunn Vikingstad, Morgenbladet

«Formidabelt prosjekt»- Nancy Øvrehus, Stavanger Aftenblad



SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962) debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første bok i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Boka vart omsett til norsk i 2023, med tittelen Bomullsengelen. I 2024 kom andre boka i kvartetten, Londonjenta (svensk, Londonflickan, 2021), og no ligg tredje boka, Barnebarnet (svensk, Dotterdottern, 2024), føre. Den siste boka i kvartetten, Sverigefamilien, er venta våren 2026.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Forfattar og omslag.jpeg
    Forfattar og omslag.jpeg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.86 MB
    Last ned
  • 9788234010095 Barnebarnet.jpg
    9788234010095 Barnebarnet.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 1.03 MB
    Last ned
  • Alakoski, Susanna 2022 (c) Julia Lindemalm BRUK DETTE
    Alakoski, Susanna 2022 (c) Julia Lindemalm BRUK DETTE
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4318 x 2878, 6.98 MB
    Last ned