Gå videre til innhold
Ny roman om kjærleik i tinder-appens tid

Pressemelding -

Ny roman om kjærleik i tinder-appens tid

Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året blir langt ifrå slik som Håkon har sett føre seg.

Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vere i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre.

Åsmund H. Eikenes (f. 1986) har tidlegare gitt ut sakprosabøkene Handboka (2016) og Sprut (2018). Håkon er den første romanen hans. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo.

Boklansering på Dansens hus 7. mai kl 19. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO