Pressemelding -
Ny tradisjonell strikkebok frå Island er her: "Islandsk strikk"
Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg
moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange
variantar av den klassiske islandske ullgensaren, men også mindre
prosjekt som sokkar, vottar og skjerf. Islandsgensaren er eit eigna plagg i eit røft,
nordisk klima.
Oppskriftene i boka er frå 1950-talet og fram til i dag og er laga i
samarbeid med den einaste garnprodusenten på Island, Istex. I dag
opplever garnprodusenten eit stort oppsving, noko den tradisjonelle
mønstra ullgensaren skal ha mykje av æra for.
Islandsk ullgarn er billig og enkelt å få tak i på nettet.
Boka er omsett av Magni Hjertenes Flyum.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.