Gå videre til innhold
"Jag är Supermann" - ny ungdomsbok av Lars Mæhle

Pressemelding -

"Jag är Supermann" - ny ungdomsbok av Lars Mæhle

Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo.

Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad.

Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. 

Forfattaren fortel at han ofte bruker å setje opp kreative rammer for prosjekta sine. 

- I "Jag är Supermann" er dei fem historiene alle avslutta, men samtidig er det plott-trådar som strekker seg over alle forteljingane. Karakterer går igjen i fleire av historiene, og blir lyssett frå forskjellige synsvinklar så å seie. Slik kan dei til slutt forhåpentleg framstå som meir heile og samansette karakterar. Sjølve staden, Sunndalsøra, kan elles også sjåast som ein slags hovudperson. Trådar frå heile verda samlast på sett og vis her dette døgnet, seier Mæhle. 

Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda. Noko som gjer det heile verdt det.

Lars Mæhle (f.1971 på Sunndalsøra) har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. For fantasyromanen Landet under isen (2009) fekk Mæhle Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og UPrisen i 2010. Mæhle er Festspeldiktar for dei Nynorske festspela 2017. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO