Gå videre til innhold

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå årets Uprisvinnar Therese Garshol

Ny ungdomsroman frå årets Uprisvinnar Therese Garshol

Therese Garshol vann prisen for årets beste ungdomsbok med Eg skal rive deg i filler, og no er ho aktuell med Skarpe kantar, ein nervepirrande roman for ungdom.

Livet står på pause for sytten år gamle Maja. Ho har mista faren og orkar ikkje anna enn å flykte inn i fantasien, langt vekk frå den strenge politimora og hockeymiljøet ho er omringa av. Da Adam begynner i klassa, blir Maja med éin gong fengsla. Trass i alle åtvaringar lar ho seg rive med. Det heile verkar som ein draum.

Spol fram i tid, og den gode draumen har utvikla seg til eit mareritt. Ein ung mann er drepen, og Maja må fortelje heile historia til politiet. Adam skjulte hemmelegheiter, han var ikkje til å stole på. Men det er kanskje ikkje Maja heller?

Skarpe kantar er ein spenningsroman for ungdom om sterk forelsking, røyndomsflukt og ei drapsgåte.

Therese Garshol (f.1988) debuterte med ungdomsromanen Sting. For denne fekk ho debutantprisen Trollkrittet 2022. Andreboka Eg skal rive deg i filler blei nominert til Kritikarprisen og vann Uprisen. Skarpe kantar er den tredje romanen hennar. Ho er fagleiar for master i skrivekunst og formidling ved Norsk barnebokinstitutt.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel-2 (1).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.89 MB
    Last ned
  • Therese Garshol Syversen[c]Sara Sanderud
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 9.03 MB
    Last ned
  • 9788234014550 Skarpe kantar.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    792 x 1247, 231 KB
    Last ned

Relatert innhold

  • Debutantprisen Trollkrittet til sterk ungdomsroman; "Sting" av Therese Garshol Syversen

    Trollkrittet er NBUs (Norske barne- og ungdomsbokforfattarar) debutantpris og går til ein lovande barne- eller ungdomsbokdebutant. I år går prisen til Therese Garshol Syversen for ungdomsromanen Sting.
    I boka tek Garshol Syversen opp korleis ein kan halde ut det som ikkje er til å halde ut. 16 år gamle Emma er einaste overlevande etter ein familietragedie. Ho må flytte til mormora si langt ut