Gå videre til innhold
Foto: Iris Engen Skadal
Foto: Iris Engen Skadal

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå Helene Guåker

Helene Guåker er ein av vår tids fremste ungdomsbokforfattarar, i haust er ho aktuell med romanen Ein venn som meg.

Sofie går i niande klasse. Ho blir fryst ut av alle og har ikkje ein einaste venn etter at ho blei svikta av Emilie sommaren før åttande. No tel Sofie ned dei 340 skuledagane før ho kan flytte frå øya og begynne på vidaregåande.

Så kjem ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i heile verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla?

Men så viser det seg at Carla ber på ei hemmelegheit. Ei hemmelegheit som kan setje heile vennskapet i fare.

Ein venn som meg er ein sterk roman om kva som skjer når ungdom må ta ansvar når dei vaksne sviktar, og om ønsket om å vere ein ordentleg venn.

Helene Guåker (f.1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. For den førre romanen hennar, Høgspenning livsfare, blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen.

Lansering 17.august.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO