Gå videre til innhold
Ny ungdomsroman frå Magnhild Bruheim, "Det som er sant"

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå Magnhild Bruheim, "Det som er sant"

Kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det er ord mot ord? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen.

Denne romanen engasjerer lesaren frå første side og er ei høgaktuell bok om sex, vennskap, overskriding, grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.

Bruheim seier dette om tematikken i boka:

- Eg ville skrive om det vanskelege valet om kven ein skal tru på når ord står mot ord. Her kjem ein
påstand om valdtekt inn i eit vennemiljø. Sterke vennskap blir sett på prøver det kanskje ikkje toler. Og kva er ei valdtekt? Eg har med interesse følgt med på debatten omkring forslaget til ny lovparagraf som gjer det tydelegare kvar lovgrensene går.

Magnhild Bruheim (f. 1951) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og for ungdom.

Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og på Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist.

Bruheim er busett på Lillehammer.

Kontaktinformasjon Magnhild Bruheim: Mobil: 926 57 626  og epost: mbruhei@online.no

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO