Gå videre til innhold
NYE BØKER FRÅ SAMLAGET I APRIL OG MAI

Pressemelding -

NYE BØKER FRÅ SAMLAGET I APRIL OG MAI

Vårsesongens siste bøker frå Samlaget: Patti Smiths minnebok Sanka ull, nye romanar frå Karin Moe og Sigrid Merethe Hanssen, biografi om stemmerettsforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, jubileumsbok om BUL, ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, ny gjendikting av Sonettane til Orfeus og Kristin Fridtun viser kor morosamt og enkelt nynorsk kan vere i Nynorsk for dummies

 

BØKER I APRIL:

SIGRID MERETHE HANSSEN: SOFIA - roman (16.4.)

Ein forfattar reiser til ein gresk kystby for å skrive ei ny bok. I
byen møter ho Sofia, som arbeider på ein kafé i nabolaget. Ho blir tiltrekt av
denne kvinna, som opptar stadig større plass i skrivinga og livet hennar.  Sigrid Merethe Hanssens første roman handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, og har seinare gitt ut novellesamlinga Ingen heime og barneboka Detektiv Smartbart og
sabotasjen på badet.
Hanssen bur på Finnsnes i Troms.

Meir om boka HER  


MAGNHILD FOLKVORD:  FREDRIKKE MARIE QVAM. RABALDERMENNESKE OG STRATEG. Biografi (24.4.)

Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt
sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på
slutten av 1800-talet.

Magnhild Folkvord (f. 1945) er  journalist i Klassekampen.

Meir om boka HER

 

OLAF ALMENNINGEN (red.): HUNDRE ÅRS IDRETTSLIV. IDROTTSLAGET I
BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO 1913-2013 (26.4.)

Hundreåringen Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo er det fremste og mest allsidige idrettslaget i Noreg  I jubileumsåret er friidrett, langrenn og
idrett for psykisk utviklingshemma hovudaktivitetane i IL i BUL. Dagens mest
kjende BUL-stjerner heiter Heidi Weng, Martine Ek Hagen, Jaysuma Saidy Ndure,
Cathrine Larsåsen og Ezinne Okparaebo.


Olaf Almenningen
(f. 1947) frå Voss, tilsett i Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo sidan
1987.

Meir om boka HER

BØKER I MAI:

KARIN MOE: VIRKELIGHETEN  - roman (12.5.)

Karin Moe er tilbake som skjønnlitterær forfattar, med ein todelt konseptroman, ein del på bokmål og ein på nynorsk. Vi følgjer først eit sprikande kjærastepar og ein hund. Privat, personleg og offentleg er stikkord her. Den andre delen, lagt til 2031, er eit notat over Norsk ordbok, og er
ein ufrivillig humoristisk dystopi som skildrar verkelegheita etter den store
språkreforma eller den globale språkavlæringa.

Karin Moe (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Homarkert seg som ein av dei mest eksperimenterande forfattararane i landet.

 Meir om boka HER

 
RAINER MARIA RILKE: SONETTANE TIL ORFEUS (24.5.)

Sonettane til Orfeus  er eit av hovudverka i moderne poesi. Rilke bruker den greske Orfeus-myten og gir samstundes ein moderne, eksistensiell tolking av livet og døden.

Åsmund Bjørnstad står for denne gjendiktinga, og har supplert den med kommentarar. Boka gjengir også den tyske teksten.

Meir om boka HER

 


SUNNIVA RELLING BERG: BEINA I GITAREN - ungdomsroman (28.5.)

Intens og mørk oppfølgjar til Bragenominerte Utfor

Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko.  Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler.

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen.

Meir om boka HER

 

PATTI SMITH: SANKA ULL (29.5.)

Sanka ull er ei intens lita perle av ei minnebok. Med glimt attende til barndommens mystiske og magiske verd – og til den tidlege ungdommens uskyld og usikkerheit. Boka rommar essensen av det Patti Smith kan som poet og skribent: gi ord til det for lengst gløymte, fange det
flyktigaste tankespinn og mane fram hjartegripande scener. 

Gjendikta av Ingrid Z. Aanestad. Boka gjengir også den engelske teksten.


Patti Smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå
1975.

Meir om boka HER

 

KRISTIN FRIDTUN: NYNORSK FOR DUMMIES - språkbok (30.5.)

Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som mange trur! Fridtun syner veg
på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar
Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen, og gir ei
enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.

Kristin Fridtun (f. 1987) har master i norrøn filologi. Ho er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok.

 Meir om boka HER
  

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO