Gå videre til innhold
NYE ESSASYS FRÅ KARIN MOE, NOREGS LITTERÆRE AVANTGARDE-DRONNING

Pressemelding -

NYE ESSASYS FRÅ KARIN MOE, NOREGS LITTERÆRE AVANTGARDE-DRONNING

Noregs litterære avantgarde-dronning Karin Moe er aktuell med si første bok på 11 år, "Skrifter". Med sitt særeigne språk og blikk deler ho av sine lesingar av norsk skjønnlitteratur og forfattarskapar, bibeltolkingar, kyrkjepreikar og samfunnskommentarar. Sigrid Undset, Eldrid Lunden, Karl Ove Knausgård, Hanne Ørstavik, Agnar Mykle – og også Karin Moe sjølv! – er blant dei ho tek for seg. Tekstane spenner frå tema nært i tid, som fredspris og finanskrise, til overblikk over Hans Nielsen Hauge som forleggar og nynorsk lyrikk frå Aasen til Hauge. Frekke, men sanne småtekstar om Martin Kolbergs freudianske forsnakkingar, kroppsspråket til Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenbergs monotone talestil er med på å krydre boka. Tekstane er frå tidleg på 90-talet og fram til i dag.

LANSERINGSARRANGEMENT: 14.juni , kl 13 i  Bankbygget i Vedavågen, Karmøy,Haakon Aasbøs veg 2B, 3.etasje. Presentasjon av SKRIFTER av forlagsredaktør David Aasen og Karin Moe. Stuntpoetane gjenoppstår. Vokal og instrument: Roger Hemnes. Servering. Forfriskingar.

Samlaget lanserer også ein dobbelpocket av Moes romanar Kyka/1984 i løpet av juni.

Karin Moe (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av de mest bevisst eksperimenterande blant nyare norske forfattarar, med impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO