Gå videre til innhold
Tone E. Solheim er årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2021 for debutromanen Svarttrasta syng om natta
Tone E. Solheim er årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2021 for debutromanen Svarttrasta syng om natta

Pressemelding -

Nynorsk barnelitteraturpris til Tone E. Solheim

Tone E. Solheim mottar Nynorsk barnelitteraturpris 2021 for debutboka Svarttrasta syng om natta, ein sterk roman for ungdom om tillit og håp, og om våge å vere seg sjølv.

I juryens grunngjeving står det mellom anna: “Å vera usikker og redd for å seia og gjera dumme ting og øydeleggje alt når ein er forelska, er godt og truverdig skildra. To sårbare og usikre jenter med sine vonde erfaringar, finn saman. At dei er av same kjønn, får lite merksemd. Sjølv om hovudpersonane i utgangspunktet kan oppfattast som motsetnadar, framstår dei som komplekse og speglar kvarandre utover i boka. Dei er ikkje statiske og karikerte. Dei verkar på kvarandre og er i utvikling. Teikninga av karakterane og utviklinga av forholdet mellom dei er ei styrke ved boka.

Med Svarttrasta syng om natta har Tone E Solheim skrive ein vellykka debutroman. Vi gler oss til å følgja forfattarskapen vidare.”

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk barnelitteraturpris sidan 1968. Prisen er eit diplom og 50 000 kroner.

Solheim (f.1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord og debuterte våren 2021. Ho er òg nominert til Uprisen 2021 for Svarttrasta syng om natta.

Samlaget ynskjer Solheim til lykke med prisen!

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO