Gå videre til innhold
Nynorsk litteraturpris 2013 til Sigrun Slapgard

Pressemelding -

Nynorsk litteraturpris 2013 til Sigrun Slapgard

Vinnaren av Nynorsk litteraturpris 2013 er Sigrun Slapgard for boka ”Englestien” som kom i fjor.

Nynorsk litteraturpris vert delt ut i dag ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 1982 og er på 30 000 kroner.Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Jon Fosse, Kjartan Fløgstad og Marit Eikemo.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Romanen som er ein frittståande oppfølgjar av den fyrste romanen hennar ”Paradishagen” er ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kjærleik og sorg og om å måtte sjå i auga det ein fryktar mest. Å ikkje tørre å ta farvel, men likevel å måtte ta farvel. (...) I eit dialektnært, opent og assosiativt språk beveger handlinga i romanen seg mellom fortid og notid, forskjellige tidslinjer blir vevd saman og grip inn i kvarandre. Sigrun Slapgard er ein kunstnar i å utelate. Romanen antyder i mykje større grad enn den utbroderar. Og det er dette som er romanens styrke, og som gjer karakterane så ekte og historia så sterk. Vi får berre ei flik av sanninga, slik som i røynda, og nett difor held ho oss slik i bann. I stor grad er tema i romanen at orda forsvinn når dei verkeleg er naudsynte, at eit inderleg ønskje om å kommunisere ikkje gjer orda lettare tilgjengeleg, snarare tvert i mot."


Juryen: Ragnar Hovland, Ove Eide og Mari Moen


Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den første romanen hennar.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO