Gå videre til innhold
Nytt nummer av Syn og Segn; om Russland, OBOS og sosial bustadbygging, monarki m.m.

Pressemelding -

Nytt nummer av Syn og Segn; om Russland, OBOS og sosial bustadbygging, monarki m.m.

EMNE: Korleis er kvardagen for russiske journalistar, forfattarar og opposisjonelle kunstnarar i Russland i dag? Kva veit vi om det historiske samkvemmet mellom Noreg og Russland sidan 1814? Går vi mot ein ny kald krig? Mikail Eldin, Lene Wetteland, Ingunn Lunde, Kari Aga Myklebost og Jens Petter Nielsen skriv om Russland frå ulike synsvinklar.

SAMTALEN: «No er sosial bustadpolitikk sosialhjelpspolitikk, det å skaffa leigebustader til dei aller, aller svakaste», seier konsernsjef i OBOS, Martin Mæland. Statsvitar og journalist Ingrid E. Daae i samtale med konsernsjef Mæland – og direktør i Selvaag Bolig, Baard Schumann. Tema for samtalen er sosial bustadbygging.

I OPPOSISJON: «Vi blir nok aldri ein art av vegetarianarar. Men vi skyldar dei millionane av dyr vi fortærer, at dei har eit best mogleg liv før vi hiver dei oppstykkja opp i grytene eller smør dei utover brødskivene.» Professor Dag Øistein Endsjø skriv om radikalt dyrevern.

LEIAR: Kvifor pyntar vi oss med så mange namn? Er det eit ønske om å snobbe oppover, ape etter borgarskapet sine namneskikkar? Er dei enkle namna ikkje lenger gode nok? spør redaktør Knut Aastad Bråten i sin faste leiarspalte.

MONARKIET: Dette året feirar vi Grunnlova, som regulerer statsforma vår. Men feiringa har ikkje innehalde den store, offentlege diskusjonen om nettopp statsform. Ida Habbestad intervjuar sosiolog og forfattar Hedvig Skonhoft Johannesen om kongehuset og fråveret av monarkidebatten.

Draumen om den finske skulen og kulturen blir formidla av Sanna Sarromaa. Mala Wang-Naveen har skrive om surrogaten Mona, som i eit forsøk på å forsørge familien sin, døydde under tragiske omstende. Sigrun Høgetveit Berg skriv om den mektige kyrkja på Trondenes i Sør-Troms og David Åleskjær er oppteken av «vi og dei»-tenkinga, sett frå ein kristen ståstad: «Kan ein berre drikke kaffi med meiningsfellar? Til helvete med signaleffekten!» Anna Kleiva har forelska seg i kinoar i Paris og San Francisco –  og ikkje minst: Fast teikneserie ved Øystein Runde.

Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.

Kontakt: redaktør Knut Aastad Bråten, 907 68 797 knut@synogsegn.no

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO