Gå videre til innhold
Nytt Syn og Segn ute; om mellom anna barn og medisinbruk, Tyskland, Oslo-biskopen og alderdom

Pressemelding -

Nytt Syn og Segn ute; om mellom anna barn og medisinbruk, Tyskland, Oslo-biskopen og alderdom

I siste utgåve kan du lære meir om biskop i Oslo, Bernt I. Eidsvig, som snakkar om Gud, fengselsopphald, KGB og faste – ført i pennen av forfattar Mette Karlsvik. Temaartiklane er denne gongen om alderdom og er skrive av Geir Tryggve Hellemo, Lene Dieserud Ertner og Kristoffer Aune Kostveit. 

Ida Habbestad har intervjua professor Ingeborg Hartz om barn og medisinbruk. Skribent og kioskeigar Alice Gudheim har fordjupa seg i traumeverda og konkluderer: «Har du eit traume, så har du ein kompetanse». Forfattaren Jørgen Norheim skriv om Tyskland – eit ekstremt normalt land. Eirik Løkke funderer over korleis vi skal revitalisere det norske demokratiet i det 21. hundreåret. Monica Bjermeland skriv om tilhøyrsle, tyrkiske røter og kvifor ho støttar Bioteknologirådet si tilråding om ikkje å opne for assistert befruktning for einslege kvinner i Noreg. 

For informasjon og presseeksemplar, kontakt redaktør Knut Aastad Bråten, M: 907 68 797

knut@synogsegn.no

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO