Pressemelding -
Odd Nordstoga aktuell med songbok for barn og miniturné
Odd Nordstoga er aktuell med songbok for barn, Song for deg og meg. Han reiser på miniturné og held gratiskonsertar på litteraturhusa i Oslo, Fredrikstad og Bergen dei kommande vekene. Nordstoga er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval alle songglade vil ha stort utbyte av.
Boka er ein songskatt for
born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar
på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og
folkeviser, stev og stubbar, nyare songar, songar til skjemt og høgtid. Her er
songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle,
men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar.
Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som
har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er
også med.
Songane er illustrerte med omtanke og teft av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg som kom i 2002.
Turnéen, Litteraturhusa i: Oslo 1.3. kl 13, Fredrikstad 2.3. kl 13. og Bergen 8.3. kl 13. - gratis inngang.
Odd Nordstoga (1972) er musikar, artist og forfattar. Barn kjenner musikken hans mellom anna frå kjende seriar på barne-TV. I 2004 fekk han Spellemannsprisen for plata Luring, og har skrive ei rekkje populære songar for både born og vaksne.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.