Gå videre til innhold
Odd Nordstoga fortel si eiga historie i den nye boka "Spelemann"

Pressemelding -

Odd Nordstoga fortel si eiga historie i den nye boka "Spelemann"

Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære og populære artistar. I den nye boka Spelemann fortel han si eiga historie.

Lanseringsarr. på Tronsmo 5.9. 16.30: https://www.facebook.com/event...

Odd Nordstoga legg ut på ein bokturné med Mona B. Riise rett etter lansering. Meir under.

Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.

"Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi òg, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!"

Bokturné med Odd Nordstoga og Mona B. Riise

05.09 Oslo, Tronsmo

10.09 Fredrikstad, Litteraturhuset

11.09 Trondheim, Litteraturhuset

12.09 Bergen, Litteraturhuset

21.09 Stavanger, Kapittelfestivalen

26.09 Sandefjord, Bondens hage

27.09 Vinje, Litteraturdagane i Vinje

06.10 Odda, Litteratursymposiet i Odda



Odd Nordstoga (f. 1972) er ein av Noregs mest populære artistar, kjend for songar som «Bestevenn», «Kveldssong for deg og meg» og «Ein farfar i livet». Nordstoga kjem frå Vinje i Telemark og slo igjennom med soloalbumet Luring i 2004. I løpet av ein karriere på over 20 år har han gitt ut 18 plater, vunne fleire spellemannsprisar, samarbeidd med artistar som Ingebjørg Bratland og Sissel Kyrkjebø og fylt kulturhus over heile landet og Operaen i Oslo.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter