Gå videre til innhold
Oddmund Hagen aktuell med boka "Forklaring"

Pressemelding -

Oddmund Hagen aktuell med boka "Forklaring"

I langnovella Forklaring av Oddmund Hagen møter vi ein førtidspensjonert lærar mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men som aldri blei tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å hente tinga sine der han arbeidde som lærar, blir han stansa av same politimannen som prøvde å få han fast for brannane. Det kan sjå ut som politimannen endeleg har fått eit høve til å hemne seg for at han slapp unna den gongen. Men ganske snart snur situasjonen til mannens fordel.Forklaring er eit forsøk på å gi eit bilde av hendingane og situasjonane som har drive mannen dit han er i dag. Det er lett å få sympati med han, men det er likevel noko som skurrar i det han fortel.

Lansering av boka og feiring av Hagens 75 årsdag 4.2. på Trondheim folkebibliotek:

https://www.facebook.com/event...

Oddmund Hagen (f. 1950) vaks opp i Snillfjord, men bur no i Trondheim. Han har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Oddmund Hagen 2024 (C) Geir Mogen 2.jpg
    Oddmund Hagen 2024 (C) Geir Mogen 2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8192 x 5464, 9.09 MB
    Last ned
  • 9788234014376 FORKLARING ferdig.jpg
    9788234014376 FORKLARING ferdig.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 417 KB
    Last ned