Gå videre til innhold
Øygrøssar frå skrekkmeisteren

Pressemelding -

Øygrøssar frå skrekkmeisteren

Frå forfattaren bak den Upris-nominerte grøssaren Svarte-Mathilda kjem det no ein øygrøssar med alle skrekkelement på plass.

Glimt inneheld både heimsøkte hus, mørke kjellarar og ekte spøkelser. Tor Arve Røssland fortel sjølv om eit livslangt forhold til det som er skremmande.

- Det groteske og ukjende har alltid vore ei kjelde til inspirasjon. Eg likar det heslige, stygge, fæle og utrygge, seier Røssland.

Og ved hjelp av det heslege og uhyggelege har Røssland med sin Svarte-Mathilda serie vorte ein populær forfattar blant dei unge. Svarte-Mathilda bøkene har nemlig vore blant dei mest utlånte ungdomsbøkene ved norske bibliotek. No held forfattaren fram i den uhyggelege stilen med Glimt.

I Glimt flyttar Jon til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelje Jon? Kva har 2. verdskrigen å gjere med alt det mystiske som skjer?

Tor Arve Røssland (f. 1971) er oppvaksen på Husnes i Kvinnherad og skriv bøker for barn og unge. Mest kjend er han kanskje for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO