Pressemelding -
Øystein Orten aktuell med brevroman
Etter eit langt liv bestemmer Johannes seg for å ta eit oppgjer med si eiga fortid. I eit brev til Rosalin fortel han historia om livet sitt, som vekslar mellom kvardagen i bygda og meir dramatiske minne. Ei avgjerande hending under andre verdskrigen står sentralt.
- Eg synest brevsjangeren opnar for ein særeigen intimitet mellom eit "eg" og eit "du", og det passar kanskje godt når ein skal fortelje ei historie som i så høg grad handlar om anger og tap. Det personlege brevet ligg jo nær opp til skriftemålet, og i denne romanen har hovudpersonen behov for å forklare ein del tidlegare hendingar i livet sitt før han endeleg innrømmer det han har gjort, sier Orten sjølv om valet av brevromanen til denne historia.
Når han viser dei små tilfeldigheitene i livet og dei store konsekvensane desse kan få, er det med stilsikkerheit, humor og engasjement.
Øystein Orten (f. 1962) debuterte med Havflammen i 1995, og har skrive både noveller, lyrikk, romanar og dokumentarbøker.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.