Gå videre til innhold
Øystein Orten aktuell med brevroman om krig, kjærleik og svik

Pressemelding -

Øystein Orten aktuell med brevroman om krig, kjærleik og svik

Ei ulukke tvingar den aldrande Daniel til å skrive eit brev til barnebarnet. Han leitar etter forklaringar på det opprivande som nettopp har skjedd. Forteljinga grip tilbake til byrjinga av den andre verdskrigen, då motstanden mot okkupantane for alvor tok til, og mennene som stod Daniel nærast, brått blei borte.

Aldri kome tilbake er ein gammal manns forsøk på å nærme seg barnebarnet gjennom ei hudlaus skildring av eige liv, ikkje minst forholdet til kona Beate. Romanen tematiserer svik, skuld og behovet for å finne meining i det vonde. Men framfor alt skildrar romanen eit menneske som aldri sluttar å leite.

Øystein Orten (f. 1962) debuterte med Havflammen i 1995, og har skrive både noveller, lyrikk, romanar og dokumentarbøker.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO