Gå videre til innhold
Øystein Orten har skrive novellesamlinga «Krigshistorier»
Øystein Orten har skrive novellesamlinga «Krigshistorier»

Pressemelding -

Øystein Orten tar oss med tilbake til natt til 9. april 1940

I Krigshistorier blir vi med tilbake til natt til 9. april 1940. Ved befalsskulen førebur elevane seg til eksamen i feltarbeid. Så går alarmen. Seinare blir to systrer sende ut i natta for å levere ein tung beskjed. Elleve ungdomar stel ein fiskebåt og set kursen vestover. Tilbake sit ein ung mann i arresten og ventar på å bli skoten. Snart ber ein hybelvert den unge gymnasiasten Abraham om å reise før det er for seint. Samtidig som ein russisk fange byter dei vakraste gjenstandar mot ullestar og brød. Til slutt pakkar ein einsleg tysk soldat sekken før han kler av seg og marsjerer mot havet. Då har allereie vesle Isak flykta mot grensa til Sverige. Men kjem han fram? For kven kan ein eigentleg stole på? Kven er ven - og kven er fiende?

Personane i desse novellene lever i skuggen av dei store hendingane under krigen. Gjennom kronologiske glimt vert brutale krigsscener så vel som daglegdagse bekymringar framstilte nært og levande. Vanlege menneske vert stilt overfor vanskelege val og dilemma. Historiene tematiserer krigens desperate kjensle av usikker framtid, om ein er soldat, flyktning, student, arbeidar - eller berre eit barn.


Øystein Orten
 (f. 1962) debuterte i 1995 med diktsamlinga havflammen, og har sidan gitt ut både noveller, romanar og sakprosa. Han er kjent for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Fleire av romanane bygger på historisk materiale, også hans seinaste bok, Krigshistorier (2020), som tar utgangspunkt i hendingar under andre verdskrigen. Orten er oppvaksen og bur i Hareid på Sunnmøre. Han er utdanna lektor og har hovudfag i historie.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO