Skip to main content

Olaug Nilssen nominert til P2-lyttaranes litteraturpris for "Yt etter evne, få etter behov"

Pressemelding   •   des 04, 2020 11:13 CET

FOTO: Bernt Synnesvåg

Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til P2-lytteranes romanpris. Frå før er boka nominert til Brageprisen,  Bokhandlarprisen og Ungdommens Kritikapris. Boka kom ut i oktober til strålande kritikk.

Nilssen hadde også ein formidabel suksess med sin førre roman Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla opplag på over 40 000. Nilssen traff lesarane med si unike og sterke forteljing om å vere mor til eit funksjonshemma barn. Forteljinga i Yt etter evne, få etter behov er ei forlenging av tematikken i Tung tids tale: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Frå meldingar av Yt etter evne, få etter behov:

«Sylskarpt familieportrett [...] Ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer [...] svært underhaldande» Marta Norheim, NRK

«så nådeløst og forståelsesfullt skrevet at leseren gisper etter luft.» Bjørn Gabrielsen, DN

«Sterk og viktig lesing [...] Et av bokhøstens høydepunkt!» Janne Bjørgan, BA

«et sterkt driv og en kraft» Guri Hjeltnes, VG

«rasende og humoristisk med noe viktig på hjertet» Gro Jørstad Nilssen, BT

«et glitrende godt portrett av en familie på bristepunktet.» Maya Troberg Djuve, Dagbladet

«en familieroman om evige verdier som ansvar, oppofrelse, tro og kommunikasjon» Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet

«drivende, spissformulert, og humoristisk» Astrid Fosvold, Vårt Land

«et varmt blikk både for dem som orker og de som ikke orker.» Anne Merethe K. Prinos

«skrevet for å gi innsikt [...] De siste bøkene til Olaug Nilssen framstår akkut viktige.» Tom Egil Hverven, Bokmagasinet i Klassekampen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.