Pressemelding -
Om fattigdom, fellesskap og ei bursdagsfeiring med plan B
Helene Guåker er aktuell med si første barnebok for mellomtrinnet, Stella står i det.
Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking? Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det heile tatt? Her må det ein backup-plan til! Saman med Rania førebur Stella ein plan-B-bursdag.
Stella står i det er ei varm, humoristisk og sår bok om å vekse opp utan så mykje pengar, om fellesskap og om å stå opp for seg sjølv. Boka er illustrert av Oda Valle.
Helene Guåker (f.1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, medan ho i 2020 blei nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare.
Oda Valle (f.1983) er illustratør, teikneserieskapar og forfattar.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.