Gå videre til innhold
Orkanen - 25 år etter

Pressemelding -

Orkanen - 25 år etter

Natt til første nyttårsdag i 1992 blei kysten av Noreg ramma av ein veldig orkan. Over heile Nord-Vestlandet og Trøndelag var skadane enorme, og uvêret er det sterkaste som er observert på det norske fastlandet i moderne tid. Mange tusen menneske blei råka direkte, og heile nasjonen blei prega av det som skjedde.

Korleis gjekk det med dei som blei hardast ramma? Oddgeir Bruaset, den folkekjære programleiaren frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», fortel om det dramatiske døgnet og korleis folk opplevde det. Vi får høyre om Frank Trøger, som dreiv omkring i bårehavet etter at båten hans forliste. Helle Ingelsrud måtte føde i lyset frå juledekorasjonar den natta, medan Karin Nesbakk saman med familien så vidt rakk ned i kjellaren før vinden røska vegger og tak av huset.

- Orkanen endra veremåten til folk på både godt og vondt. Mange vart skaka så sterkt at dei for lang tid søkte ned i kjellarromma sine så snart meteorologane varsla uvêr. På den andre sida stod folk saman og hjelpte kvarandre; samfunnet var ikkje så kaldt som det vi hadde frykta, seier Oddgeir Bruaset. 

Bruaset har laga ein dokumentar og ei bok om orkanen. No, 25 år seinare, har han snakka med mange av menneska for å høyre korleis dei opplevde katastrofen, og korleis liva deira blei. Dei fortel om sorg og frykt for framtida, men også om samhaldet mange opplevde. Kva gjer noko slikt med menneske og samfunn? Og kva er det som skjer med vêret vårt? 

Oddgeir Bruaset (f. 1944) har bakgrunn frå radio og tv. Han har gitt ut ei rekkje bøker, og i løpet av åra har han møtt menneske over heile landet som har valt å leve liva sine på eigne vilkår og på dei mest utrulege stader. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO