Gå videre til innhold
Parlamenturismen

Pressemelding -

Parlamenturismen

Stortingsrepresentantar på reisefot – sjansespel og situasjonskomikk

Skal representantane halde ut det tunge slitet på Stortinget, må dei ha utsikter til litt hygge og avveksling. Det beste er turar til storbyar og eksotiske reisemål, langt vekk frå vrange veljarar og slitsame journalistar. Studieturane skal utløyse trivsel og glede, løfte sinnet, føre til inspirasjon og gi perspektiv i arbeidet for fedrelandet.

Kva kan hende – og har hendt – når glade representantar og statsrådar er på reise i framande land? Ja, korleis står det eigentleg til med parlamenturismen?

- Med denne boka vil eg prøve å vise at dei folkevalde er som andre folk, det vil seia at dei er «representative» når det gjeld å vera nysgjerrige, «ramle utpå» ved besøk i framande land, vera kreative med spøk og moro blant gode kollegaer, osv, seier Hallgrim Berg. 

Hallgrim Berg, aktiv humorist og mangeårig stortingsrepresentant, fortel elleville historier frå utflukter dei folkevalde har hatt i inn- og utland.

Alt som står i denne boka, er autentisk. Enkelte episodar kan ha blitt litt utbroderte, slik skikken er i munnleg overlevert forteljartradisjon. Anonymiseringa er lagd på eit absolutt minimum.

Hallgrim Berg (f. 1945) kjem frå Ål i Hallingdal. Han var fast stortingsrepresentant for Buskerud
i 16 år, og var medie- og kulturpolitisk talsmann for Høgre. Berg har hatt mange verv innanfor kultursektoren, frå Løvebakken Mållag, Norsk språkråd og Norsk kulturråd til Kringkastingsrådet og Norwegians Worldwide. Han er ein dyktig munnharpespelemann, og har gitt ut ei rad humorbøker på Samlaget tidlegare. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO