Gå videre til innhold
Pressemelding: Eit billass med poetar til Ulvik poesifestival

Pressemelding -

Pressemelding: Eit billass med poetar til Ulvik poesifestival

13.9. kl 8 stappar forlagsredaktør David Aasen bilen full av poetar, og dreg frå Det Norske Samlaget på Tøyen i Oslo mot Ulvik poesifestival. I Olav H. Hauges heimbygd skal poetane Juliane Rui, Sindre Ekrheim, Kristina Leganger Iversen og Kaisa Aglen lese frå bøkene sine på Drøs Bakeri & Kafé kl 19. Og undervegs mot Ulvik stoppar dei også, mellom anna i Drammen der dei held ein 10 minuttars lanseringsfest for Juliane Ruis nye bok. Du kan følgje turen deira på bloggen poesitur.wordpress.com der dei legg ut foto, film og tekst undervegs.

Redaktør David Aasen i Samlaget synes poesiformatet eignar seg godt til reiser: - Vi stoppar på ein rasteplass, finn oss eit publikum, les opp, og er borte før dei veit kva som trefte dei. Dei kjenner berre lukta av svidd gummi, samstundes som dei kjenner seg underleg oppløfta.

Aasen har også nyproduksjon som eit mål med turen - Ein tenkjer og les betre når ein er i rørsle. Og så kan ein dessutan lese ferdig eit heilt dikt før ein blir bilsjuk.Mottoet vårt er: Ut på poesitur, aldri poesisur.

I bagasjerommet har dei kamera, flyers, mikrofon, høgtalar og ein haug med diktbøker. Fredag den 14. blir det presentasjon av bøker og opplesing på Den grøne kafé kl 15. Laurdag den 15. køyrer dei vidare til Voss, der dei møter Espen Stueland og Johannes Gjerdåker for å lese opp på det nye biblioteket. Poesimobilen kjem til å stoppe her og der for å spreie poesi, både på veg frå Oslo og på vegen heim frå Ulvik.

Juliane Rui debuterte i fjor med dikt-samlinga Den hesten er av snø. Ho er snart aktuell med si andre samling: Systrer kan bli like gamle. Kritikarane omtalar Rui som eit sært og spennande talent. Ho skriv med energi og autoritet.

Sindre Ekrheim si debutsamling Sjøen hugsar ingen barndom kom ut i 2010. Han arbeider no med samling nummer to, som kjem  i 2013. Også Ekrheim hausta mange lovord for debuten.

Kristina Leganger Iversen debuterte i 2011 med Hjartemekanikk, ei «kompleks», «original» og «imponerande» samling ifølge kritikarane. Leganger Iversen er også bloggredaktør på turen.

Kaisa Aglen er den aller ferskaste. Ho er ein av Samlaget sine lyrikkdebutantar med Kvar i kroppen sit ingenting. "Glimt av ømhet og kjærlighet mens verden går av hengslene", sa Aftenposten om boka.

På Voss skal poetane lese saman med Johannes Gjerdåker og Espen Stueland. 

Johannes Gjerdåker skal lese frå gjendiktinga si  av det persiske verket Ruba’iyat av Omar Khayyam (1048–1131), ei samling som kom ut i 2. opplaget no i år.

Samlaget ga i vår ut Espen Stueland og Anne Arneberg si gjendikting av Michael Ondaatje si bok – som i norsk versjon heiter Billy the Kids samla verk. Kanadisk-singalesiske Ondaatje er mest kjend for å ha skrive romanen Den engelske pasienten.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO