Gå videre til innhold
PRESSEMELDING: Unik biletbok laga med tusenvis av papirfigurar

Pressemelding -

PRESSEMELDING: Unik biletbok laga med tusenvis av papirfigurar

Illustrasjonane i Elin Grimstads debutbok Månen som ville lyse som ei sol er unike. Utallige arbeidstimar har gått med til å klippe tusenvis av papirfigurar til biletboka. Teknikken ho har brukt er mest vanleg å bruke i animasjonsfilm, og ingen har tidlegare brukt teknikken i bokform.Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne.

Bileta i barneboka er lyssette papirfigurar  plasserte på glasplater. Det heile har blitt fotografert ovanfrå gjennom fleire lag med glas, noko som skaper unike lys- og skyggeeffektar.Teikningane og figurane er i ymse typar papir og fargemåtar, mange av dei i silkepapir. Dei er intrikat klipt ut, der silhuettar og form er viktig. Grimstad ville skape noko unikt gjennom denne arbeidskrevjande metoden:

-Å lage bileta til denne boka er ein tidkrevjande arbeidsprosess, med mykje eksperimentering og utprøving. Ein kan argumentere med at det hadde vore enklare og billigare å gjere det digitalt! Men eg meiner at resultatet blir annleis – ein oppnår ein kjensle av autentisitet og taktilitet. Eg vil skape ei kjensle av at denne eksotiske verda finns, i eit parallelt univers, kanskje.

Grimstad har brukt ulike effektar på glasplatene for å lage atmosfære i bileta; t.d.vatn med konditorfarge, gelatin, såpe, farga og gjennomsiktig filter, vaselin, frost-maling, glitter og sukker:

- Målet har vore  å skape ei rik djupn i bileta, ved hjelp av komposisjon, fargebruk, detaljrik lyssetting og utforming. Bileta skal opplevast som ei magisk verd, som lesaren kikkar inn i.

Her fortel Grimstad meir om teknikken: http://www.youtube.com/watch?v=7JmKUhOYl_o&feature=g-upl

Meir om boka:

”Kvifor er ikkje eg meir som Sola?” undrar Månen. Når Sola lyser er alle glade, mens leiken stilnar når han kjem fram … Sola påstår til og med at han ikkje lyser, og at ingen ville merke om han forsvann!  I denne boka er sola og månen eit umake par som må finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får ein høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO