Gå videre til innhold
Prisvinnar Anja Dahle Øverbye er aktuell med teikneserie for unge

Pressemelding -

Prisvinnar Anja Dahle Øverbye er aktuell med teikneserie for unge

Det viktigaste i livet for Tarjei er venner og gaming. Men kva skjer når mamma og pappa har bestemt seg for å skiljast? Mamma har flytta inn til den nye kjærasten. Men Tarjei vil heller vere hos pappa i det gamle huset. Heldigvis har han den gamle leikehytta saman med bestevennen Sindre. Der dukkar også Aisha opp, som han så gjerne vil gå på epleslang med.

Tarjei, 13 år er ei oppvekstskildring om å vilje vere liten og stor på ein gong. Øverbye skildrar gjennom tekst og bilete kor sårt det kan vere å vere å stå midt mellom barndom og ungdom. Kan ikkje mamma berre la han vere i fred? Og kan ho ikkje forstå at det er no han hadde trunge både ho og pappa som mest? Og kva skjer med vennskapen til bestekompisen når Tarjei er meir interessert i å henge med Aisha?

Øverbye fekk prisen Årets teikneserie i 2015 for debutboka Hundedagar, ei bok som er omsett til både engelsk, fransk og russisk. Tarjei, 13 år er den første teikneserien hennar for unge.

Anja Dahle Øverbye (f.1981) er serieskapar, forfattar og illustratør, busett i Oslo. Ho er utdanna i Bergen og England.

Lansering på Tronsmo bokhandel onsdag 15.mars klokka 16.00.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO